Terje Skåre

"Løsrivelse". Storleik: 80 x 80 cm. Material: Facemount (bildeplate med bilete og akrylglass limt på). Opplag: 30 stk. Verdi:  NOK 25.000,-

Om biletet «Løsrivelse»: Dette biletet fotograferte eg i 2018. Den gang var målet kun å skape eit visuelt spennande fotografi, ein skulptur, ein leik med form og lys. Når eg no blei forespurt om å bidra med eit kunstfotografi i denne viktige samanhengen, noko eg med glede ville gjere, så slo det meg plutseleg at det var nettopp dette biletet eg skulle gje – fordi eg føler at det symboliserar det som skjer i Gaza nettopp no.

  • Personen i biletet er ein anonym skikkelse, ukjend, symboliserar ein av dei mange, ein av titusenvis uskuldige offer.
  • Personen er ikkje fri, han er knebla, basta og bunden.
  • Vi ser to krefter som kjempar mot kvarandre:
  • Ei negativ/destruktiv kraft som dreg bakover og nedover.
  • Men skikkelsen under kledet har ei positiv kraft i seg, strittar imot, vil ikkje la seg knekke, gjev ikkje opp, viser styrke og stoltheit, viser veg framover, ja som ein gallionsfigur - augnar vi eit håp?
  • I tillegg kan vi assosiere eit likklede med det kvite stoffet, dessverre eit altfor relevant plagg på Gaza i desse dagar.

Opprinneleg hadde eg kalla dette biletet for «Nightmare» og det er i høgste grad eit mareritt for alle partar det som skjer der nede. Eller rettare sagt er det vel for alle oss andre som er trygge at det er eit mareritt - dvs kun ein vond draum om natta. For dei som dette verkeleg angår, barna på Gaza, er dette meir enn eit mareritt – alt det grusomme skjer på ekte, ikkje berre i ein draum.

Difor har biletet no fått namnet «Løsrivelse». Det må snart skje noko – dei gode kreftene må vinne – barna i Gaza må bli fri!

———————

Om Fotograf Terje Skåre

  • Fødd i 1960 i Stryn.
  • Æresmedlem OKK (Oslo Kamera Klubb)
  • Æresmedlem NSFF (Norsk Selskap for Fotografi)
  • Medlem NFF (Norges Fotografforbund) / Reklamefotografene
  • NSFF sin Landskonkurranse (NM i foto): 3 gull, 6 sølv, 7 bronse.
  • NSFF årets fotograf: Nr 1 i 1993 / Nr 2 i 1994.
  • International Color Awards: Ei lang rekke «Honorable mention”.
  • NFF sin landskonkurranse: Fleire Hederlig omtale.

Har jobba som profesjonell fotograf i Oslo sidan år 2000 med både privatkundar og firmakundar.
Delte fotostudio med Morten Krogvold 2001 - 2003.
Aktiv kurshaldar gjennom 25 år - held mange fotokurs og workshops i Oslo, Norge og Marokko. (totalt over 4.000 kursdeltakarar dei siste 25 åra).
Spesialfelt: Lysbruk
Spesialteknikk i kunstnerisk retning: «Male med lys med lommelykt», ein teknikk som også blei brukt på dette biletet.

 

Terje Skåre